mandag 11. juli 2011

Prima ballerina

Eg har ei liste over ting eg verkeleg burde gjere, men berre utsett det gong etter gong! Den eine tingen er å komme ajour med albumet til storebror. Eg har laga 3 sider, og prosjektet har støva ned i 5 år...  følte du og deg truffe? Om ikkje så vil eg svært gjerne vete hemligheita for å få arbeide unna!



Eg vende nasa innom fotoknudsen sine sider, for å fremkalle endå fleire bilete (som kan støve ned). Lasta inn nokre bilete på kontoen min der, så kom eg over eit kjempe tilbod. Nokre av lerreta deira er på halv pris t.o.m i morgon. Eg bestilte nokre, men med det det same motivet "storebror". Prosjektet i dag var å ta bilete av veslesyster, men modellen var svært lite samarbeidsvillig.



Prøvde å lokke med litt melk, med prima ballerinaen var trøtt og ville helst legge seg i senga si. Dermed vart ikkje det noko prima ballerina på veggen min denne gongen. Kanskje ein annan gong?!


lørdag 9. juli 2011

I'm back!!

No har eg to alternativ, enten kan eg brodere ut i laaange baner om mitt glimrande fravær. Eller eg kan late som om ingenting har skjedd. Eg vel det siste alternativet...


Mykje har skjedd på Haukebakken i løpet av juni. Den største nyhende er at den søtaste lisjesysta tok sine fyrste skritt før ho runda 8,5 mnd. Ho vert flinkare og flinkare for kvar dag, mor og far er svært stolte av lisjenurket, men OMG så mykje meir arbeid det vart med å passe på!


Storebror vart 5 år i byrjinga av juli, han hadde STORE forventningar til mor si. Han hadde bestilt sjørøverbursdag med diverse aktivitetar. Sjørøverkart, skattejakt, katta i sekken, heimelaga sjørøverhistorie, pynting og sist men ikkje minst KAKA!! Mor kom i mål i siste liten! Det merka ikkje jubilanten noko til... Stornøgd vart han!
Kor lenge e det til neste gong eg har bursdag? Så var det å vise 365 dagar på fingrane... Nedtur!!

Oppdatering på huset og byggearbeidet? Kjedelig, det må bli ein dag eg er i betre humør ;)

Ha ein finfin laurdagskveld!

lørdag 4. juni 2011

Fridag og familiekos

Dei siste dagane har eg tenkt litt over ei overskrift som eg brukte på eit innlegg "katastrofe". Når ein får tenkt seg litt om, ser ting litt i perspektiv så er det som skjer i Libya og naturkatastrofene. Det er katastrofe og byggeprosjektet på Haukebakken er bittesmå bagateller.

 Dei siste 10 dagane har 130 % gått til byggeprosjekt, (100 % til husbonden og 30% meg) husmorsyssler og 5 % til trim og data. 

I dag har vi tatt heilt fri, både barn og voksne har kosa seg. I dag gjekk turen til Ålfoten som arrangerer villmarksmesse. Flott vær, masse kjekke kjendtfolk, gode messetilbud, glade unger og fine foreldre. Angåande gode messetilbud, var eg ei stund bekymra eg skulle få motorsag i bursdags (sidan eg ikkje har sett/funne noko pakke enno).


Dagen vart toppa med ein helikoptertur rundt ålfotebreen, og litt karusell fyking 800 m o h. Topp! Kamera vart liggane under trillevogna i heile dag, og ingen kjekke bilde vart med heim i dag. Derfor har eg vore inn på Airlift sine side å funne nokre bilde. Jammen ser det ut til at det eine bilete liknar på den eine piloten som var med. Søt!

For meg og storebror vart det var fyrste fyketur med helikopter. Fasinerande å sjå korleis alt heng saman. I mange år har guten vår snakka om at han skal bli helikopterpilot, og han har planer om å ta med snille mammaer på tur... Tur at denne fyketuren gav meirsmak på planane han har for vaksenlivet!

onsdag 1. juni 2011

Bergen- Voss

Blir du med på en togtur? Tog er sjeldan kost for oss, det er meir sannsynleg at vi dreg til Afrika enn å ta tog. Det hadde vore kjekt med ein togtur, men ojjj så upraktisk for oss!!

tirsdag 31. mai 2011

Surblad og sukker



Dei siste timane av mai har vist seg fra si beste side. Flott kveldssol, sprudlande ungar og ei nokså happy mor. Eg var kjapp å leite fram fjorårets sommar aktivitet, kubb! Her måtte reglane lærast på nytt, kaste teknikk og ikkje minst taktikk.

Gutane har og vore å samla surblad. Sidan mor i huset var i "golune" fann eg fram i lita skål med sukker, så dei kunne duppe surblada.







Det fekk meg til å tenke tilbake på barneåra, då vi gjekk på rabarbraslang. Sneik oss inn på kjøkkenet til mor for å ta sukker med ut i skogkanten. Der sat vi på steingarden og kosa oss med det ulvolege snopet vårt. Trur vi må få oss ein liten rabarbrakvast her på Haukebakken.





No håpar vi på at det fine veret held seg...  sjølv om yr og storm ikkje er heilt samde om kva for dag som vert finast. Det einaste dei er samde om, er at sola er fraværande i helga! Eg kryssar fingrane for at dei tek feil, det gjer vel du og!?

søndag 29. mai 2011

Katastrofe

Det som ein gang var ein deilg romantsik bondedraum, har synt seg å vere eit katastrofe område. Kan meir samanlignast med eit stort ope sår i hjarte mitt!

Jada, vi har byrja på siste byggetrinn av huset. Inngangspartiet er revet ned... manga timar med arbeid har vi  (les: husbonden) framfor oss. Dei våte maidagane spelar absolutt ikkje på lag med oss, den nye inngangsdøra på kjøkkenet gjer det vått og LITT grisete på kjøkkenet. Og eg er lett fustrert over arbeidssko og kle... Ser for meg at her må pedagogen fram med nye køyrereglar og vanar!

No håpar vi at juni kjem med gledlege ver, for vi vil svært gjerne ha alt sommeren har å by på! Sommerfarge, sommermat, sommerlatter, sommerkveldar, sommer ditt og sommer datt, rett og slett alt!!!

Eg er ganske sikker på at det vil komme fleire innlegg om dette prosjektet i tida framover. Bilde vart teke på torsdag, det har skjedd endå meir sidan denne dagen. Men lysta har vore svært laber på å gå ut å forevige desse gjørmete minna!


 

onsdag 25. mai 2011

Morgonkvisten

I dag tidleg før storebror og eg sykla til barnehagen fekk eg tid til å knipse nokre bilete med eit nytt objektiv som eg fekk i posten i går. Hurra! Kjekt, men litt uvant. Storebror gjekk velvillig med på å vere motiv om "basse" fekk vere med.





"Basse" har vore ein trufast følgesvenn i maaange år no. Hugsar dokke "Joppe" frå barnetv?! Vi har mang ein gong måtte redde Basse, død eller levande... Mor har måtte vore både kirurg, augelege og vaskedame for denne stakkars lurven, som han blir omtalt på voksenspråket.
Det er mildt sagt KRISE om den ikkje er med når vi er ute på reise...

Ha ein finfin onsdag i ruskeveret!

søndag 22. mai 2011

Ein alvors prat!

For ei tid sidan kom eg over ein blogg som hadde eit veldig interessant innhald. Må innrømme at eg har vendt attende til bloggen for å lese det same innlegget fleire gongar. Om du har litt tid til overs så oppmodar eg deg om å lese her.

Heldigvis har eg så små born endå at eg treng ikkje å bekymre meg for dette endå. Eg veit at skulane legg stor vekt på å gjere elevar medvitne på kva dei legg ut på internett og sitt eige personvern. Når ein les dette innlegge så forstår eg at det er vel så viktig å lære sosiale spelereglar for korleis ein ter seg både sosialt og på sosialemedier.

Eg reknar med at dei fleste foreldre ønskjer at borna deira skal vere venlege, snilde og respekt for andres eigendom. Det tenker eg om mine eigne born ;) det er vel ikkje formykje forlangt?!
Mi meining er at den beste skulen born kan gå i er å lære av sine eigne foreldre. Derfor er det viktig å ha gode haldningar til kvarandre, ikkje bare utad men og` innafor husets fire veggar. Eg har lenge meint, og meinar forsatt at borns haldningar og væremåte er eit resultat av foreldra (i dei fleste tilfeller). Ser at enkelt kan vere uenige i dette. For born vert og` eit resultat av tv, internett, intresser, hobby, venner... m.f. Men kven er det som tillet desse påvirknings faktorane?! Her i heimen er det meg og husbonden som legg opp til det.

Derfor avsluttar eg dette innlegget med
Gjer det som du vil andre skal gjere mot deg!!

lørdag 21. mai 2011

Vi ventar tannfeen på besøk....

Må bare starte med å sei at eg har dei finaste, snildaste, godaste, flinkaste og rampete  ungane ei kvar mor kan ha. Helgar med dårleg ver, sjuke ungar, mindre søvn enn vanleg og snop, det går rett og slett litt skeis for å sei det sånn. Når ein i tillegg er oljeenke og alt fell på meg sjølv... ja då vert det hektisk og kaotisk.



Storebror som vert 5 år om 42 dagar har mist si fyrste tann. Litt skremmande og stolt på same tid, og ikkje minst spent på kva tannfeen seier om tanna. Ei god tann kan vere innbringande for ein liten pjokk som han. Men tannfeen vert sur når han kjem til eit glas med dårleg tann... Storebror har alt lagt tanna i vatnglaset, kikkar med jamne mellomrom... Kjenner eg han rett kjem han ikkje til å finne roen før han veit at tannfeen har vore der!






 Medan storebror mist tenner så får lisjejenta tenner i fleng. I følge helsesyster er gjennomsnittet for fyrste tanna 7 mnd og 22 dagar. Jenta vår er nettopp 7,5 mnd og har fått 6 tenner alt. Vi kan vel rett og slett konkludere med at borna på Haukebakken er tidleg ute med tenner!



Sjøvsagt må det feirast det som kan feirast. Fann ei fristande oppskrift i siste Boligpluss som eg har prøvd ut! 




onsdag 18. mai 2011

Zumbafest i Måløy!


Laurdag vart brukt til skikkelig dametrim. Trur det var omlag 120 damer samla under samme tak til rytmer, latinske virkk og frisk svette! Treningssenteret stod for eventen. 6 zumba instruktørar holdt det heile gåande i 3,5 time i eit strekk. For dei som trong litt pause, så kunne ein gå på kafe eller la seg friste av gode tilbud på treningskle får MX sport!

Til alle dokke som deltok eller hadde lyst  på Zumba Maraton på Davik i april, så hadde vi det minst like kjekt der med ein knallgod zumba instruktør. Det MÅ vi snart få til igjen!!

tirsdag 17. mai 2011

Umogleg!

Enkelte gongar er ein så stupane trøtt at ingenting verkar. Kos, mat, smukk eller sove er heilt umogleg. Når ein kjem på det stille at ein er langt forbi overtrøtt, ja kva gjere ein då??

Ikkje det at dette er eit vanleg problem, men det oppstår no og då. Eg har funne ut at då er badebalja god å "mjuke" opp humør og ikkje minst finne nattesøvnen. Jepp, i kveld er det ein sånn dag.

Gratulerer så mykje med dagen, godt folk!

mandag 16. mai 2011

Hurra, storebror kan fiske!

Gårsdagen vart brukt til fisking. Rett etter frukost drog husbonden og storebror ned til fjøra for å prøve fiskelukka på fløand sjø. Etter ein time kom dei heimatt tomhendt, men lukka var stor, for no kan storebror endeleg kaste sjølv med plutostanga si!

Seinare på kvelden måtte vi sjølvsagt ut å fiske igjen så mamma og kunne få sjå kor flink guten hennar er. Åjauda, han kasta jammen meg langt. Ein liten sei til pusen vår og fiskelykke var det vi hadde med oss heim til Haukebakken.

lørdag 14. mai 2011

På tide å bli ferdig?!

  
 Under eit lite bord i tv- stova står det ei korg, full av lappar, tråd, heklenåler og STØV. Lisjejenta vår kryp og klatrar over ein lav sko her i huset. Plutselig har ho funne fram til hekleriet mitt. Kanskje det var ei meining med det?! At no er det på høg tid å gjere teppe til lisjesysta ferdig.

Eg har ialt laga 35 bestemorlappar, dei fleste er i ulikt mønster. Eigentleg har eg ikkje tenkt at det skal være noko bestemt mønster. Men kjenner eg meg sjølv rett så er eg altfor opptatt av at det skal vere eit mønster.

No håpar eg at det blir tid til overs i helga, med eit glas rødvin eller ein kaffi med bailys så får heklepinnen og stoppenåla rekordfart. Likar eg å tru!!

onsdag 11. mai 2011

Hade hade til Haba haba

Det er rett og slett tragisk at vi ikkje klarte å kvalifisere oss til finalen. Eg hadde planer om å invitere jentene på Eurovision fest, festplanane er diverre avlyst! Det blir pysjamas og vørterøl, festplanane er gjort om til gravøl!

Bilete er henta frå Stella sin blogg

Det norske folket som hadde stemt fram Haba haba tidlegare i år, må tydlegvis sett eit potensiale i songen. Eg har ingenting vondt å sei om Stella, ho kunne ikkje noko for at ho vart stemt fram ;) 
Vi sjåast til Eurovision fest om eit år jenter! (om vi kjem til finalen)

Sol ute og sol i hjerte mitt!

 Det er fantastiske dagar no, sola og eg skin om kapp. No har vi hatt så flott ver so lenge at eg er komen ut av tellinga. Dagane går med til å vatne blomar og anna forefallande arbeid. Det fine med ditta veret er at vi er meir ute, som gjer at det vert mindre rot inne = mindre husarbeid enn elles.

Lisjesysta er matmons, et alt ho kjem over! Kavring er spesielt godt no når tenna bryt igjennom. Det vert så mykje gris, og då er det herleg at den kan nyyytast ute.



Kropp og sinn vaknar til liv i takt med blomar og alle fargane rundt oss. Ein av mine favorittar er morellebærtre, trur det må vere heile pakka med treet, blomen og dei nydlege bæra. Laurdag var vi på besøk hos svigers, morellebærtreet deira var i gang med blomstringa, litt seinare enn her heime. Time for time kunne ein sjå kor knoppane var på vei ut. I år er det spesielt mange koppar, håpar det vert mykje bær. Eg er sikker på eg kunne deltatt i NM i morellebær spising.


Svigerfar må nok vere flink å vatne, slik at treet får tilstrekkelig med vatn og næring. Men det er berre ein ting eg har undra litt på. Kva i hulaste skal ein med ei fuglekasse i eit morellebærtre? Skadedyrkontrollen liksom?
Svigers påstår at fuglane har reist sin vei, når morellebæra er klare. Det vil tida vise.

fredag 6. mai 2011

Ivar Aasen og Frøken Elisabeth

Husbonden er hjemme etter 15 dager på jobb, når han er hjemme er det alltid noe som skal fikses eller ordnes. Jeg blir også satt i sving, dermed blir det lite tid til blogging.

På facebook og andre blogger ser jeg at det er flere som har klippet plenen, luket og klargjort pottene til 17.mai. Alt det der har faktisk jeg også fått tid til. Med 15 mål plen rundt huset tar det litt tid å klippe plenen her på Haukebakken, spesielt når en har ei lita snuppe på 7 mnd som krever sitt.

Bæresele fra Baby Bjørn, babysolbriller, hørselvern for barn, solhatt, 5 liter bensin og 2 timer. Jepp, da var rett og slett halve jobben gjort. Synet av mor og datter opp på plenklipperen skulle vært foreviget. Lillsøster sovnet fort, og plenklipperen gikk nærmest på autopilot, og jeg fikk tid til å tenke.

I dag har tankene rundt det å begynne på jobb surret rundt i hodet. Som mange av dere vet, er jeg lærer på en nynorsk skole... jepp, og har sitter jeg å skriver bokmål. Har fått mange tilbakemeldinger på at det er så unaturlig at jeg skriver på bokmål siden jeg selv snakker nynorsk. Til forsvar så har jeg faktisk hatt bokmål til hovedmål hele tiden, bortsett fra noen år (6.-9.klasse). Men idag mens jeg satt på plenklipperen og duret rundt og rundt huset, kom jeg til det at nå er virkelig på tide å gjør noe med den elendig nynorsken min. Tenkte kanskje at det ville være en greit å øve seg på bloggen. Så heretter blir blogginnleggene på nynorsk.

Dette må feires med et fint bilde av nynorskens far.
En slik besluttning setter nok Ivar stor pris på!

tirsdag 3. mai 2011

S for sol, sykkel, softis, sabeltann og sykkelkjede...





Jepp, for det var nettopp det denne nabogutten hadde problem med en dag han var på besøk. Flinke gutten studerte lenge på hvordan han skulle få sykkelkjede på plass på begge tannhjula. Han funderte, bevegde og jobba som en ekte mekaniker. Med pittelitt veiledning og hjelp fikk han jommen meg på sykkelkjede. Nabogutten som nettopp er blitt 5 år har dette i fingrene. Skal se at dette blir en flink og ivrig hjelper i garasjen.

Kaptein Sabeltann raner mammas visakort

Kaptein Sabeltann er den tøffeste og sterkeste, han reiser på de syv hav og letter etter skatter i nord og sør. Hadde storebror fått lov å se på Kaptein Sabeltann hele døgnet så  hadde han nok gjort det. Replikkene kan han utenatt, på samme måte som jeg kan Dirty Dancing utenatt.

Dårlig mor som jeg er, lokket jeg med Kaptein Sabeltann hatt, dersom han gikk til frisør og klippet seg. Inntil nå er det BARE mamma som har fått klippe håret. Det er ikke alltid like vellykket, når jeg skal prøve på en kort og "fin" frisørklipp tar det som oftest 3 dager å bli ferdig med klippen.


 

Det verste av alt var at storebror trengte ikke betenkningstid da han fikk dette forlokkende tilbudet. Mest sannsynlig kunne jeg ha fått mye mer ut av den hatten... kanskje begynne å spise fisk??

"Eg e veldig glad i Davik, Stryn, Bergen og Kristiansand. Sia eg e så sjelden i Kristiansand må vi reise på ferie dit kvart år! Oj, eg glømte vist Danmark, det lika eg og... Hmm, må eg velge då, mamma??"